Litt om barnehagen vår

Foto: Jon Frogner

I barnehagen på Ytre Stad er det plass til 15 barn i alderen 1-6 år.

Barnehagen ligg veldig fint til rette, når det gjeld å kunne dra nytte av naturen og alt den har å tilby. Vi ligg nær fjell, fjøre, beiter, vatn og skog. Vi er så heldige som kan ”boltre” oss i alt dette. Personalet legger til rette for aktivitetar, slik at barna får gode opplevingar i naturen til alle årstider.

Historie

Barnehagen vart opna i ”gamleskulen” i Årvik, januar 1989. I dei 22 åra den har eksistert har det vore eit godt tilbod til barna i bygdene på Ytre Stadlandet. I 2006 vart barnehagen flytta til skulen på Ytre Stad, der vi dei siste åra har funne vår plass og trivst godt.

Etter at vi flytta, har det skjedd store endringar. Før vi flytta var vi ein kortidsbarnehage som hadde ope 3 dagar i veka. No er vi ein fulltidsbarnehage, noko som gjer at barnehagetilbodet høver til endå fleire familiar. Vi har også blitt eit oppvekstsenter, noko som gjev gode muligheiter til samarbeid mellom skule og barnehage.

Foto: Arve Åheim