Kyrkje og landemerke

Foto: Jon Frogner

Kyrkja er kalla med mange namn, men det offisielle namnet er Ervik kyrkje. Det hindrar ikkje at ho ofte vert kalla St. Svithunkyrkja eller St. Svithun minnekapell.

Det enkle kvite murbygget med skifer på taket og kopperbeslag på kuppel og tårn, og med spir som strekkjer seg til himmels, har i fire tiår kunne gje ly for nær sagt alleslags samvær. Barnedåp, konfirmasjon, bryllaup, gravferd, høgmesse og nattverd, korøving og konsertar og foreiningsmøte av alle slag, bondelag og andre lag, basar, søndagsskule, slektsstemne, gebursdag, stormøte og småmøte. Reisemål for turistar frå inn- og utland, med og utan omvisar. I seinare tid open vegkyrkje. (utdrag frå Jubileumshefte – Ervik kyrkje 40 år 1970-2010, av Dagfred Berstad)

Gudsteneste, august/sepember 2011

  • Søndag 07.08, kl. 20 v/Lars Torjus Ljosland.
  • Søndag 04.09, kl 21:30 v/Kari Leine Balog. Utdeling av bibel til 5. kl., presentasjon av konfirmantane.
  • Laurdag 28.05, kl 11 v/Kari Leine Balog. Konfirmasjon.

Foto: Jon Frogner

Prosjekt «Oppussing av Ervik kyrkje»

Kva er gjort så langt?

  • Vi har kjøpt nye bord og stolar
  • Vi har kjøpt all belysning (pendlar, taklys og lampettar)

Kva står att?

  • Montering av belysninga (ca. 50 000,-)
  • Nye varmeovnar (ca. 30 000,-)

For bygdefolk, næringsliv og andre som ynskjer å bidra med gåve til føremålet, er kontonr:
3845 07 03262.

Varm takk!