Ein liten skule med plass til alle

Foto: Jon Frogner
I skuleåret 2010/2011 har grendaskulen vår 24 elevar.
Skulen er fådelt med 1. og 2. i ei klasse, 3. og 4. i ei klasse og 5.-7. i ei klasse. På skulen arbeider 9 vaksne: rektor, lærarar, assistentar og reinhaldar. Av desse er tre i full stilling, resten i deltidsstilling.

Foto: Arve Åheim
Historie
Skulen vart innvia 27. februar 1999. Folket frå dei fire bygdene som soknar til skulen, Ervik, Årvik, Honningsvåg og Morkadalen, la ned stor dugnadsinnsats då skulen vart bygd. Skulen er også grendahus for bygdene, vert brukt til møte for lag og organisasjonar og festlege samkome av ulike slag.