ORDENSREGLAR FOR GRUNNSKULANE I SELJE KOMMUNE
Du har rett til:
- Arbeidsro
- At dei andre tek omsyn til deg, syner deg respekt og er greie mot deg.
- At ingen plagar deg i skuletida eller på skulevegen.
- Å få ha klede, skulesaker og private ting i fred.
- Å få seie meininga di i saker der du sjølv er ein av partane.
Du har plikt til:
- Å vere høfleg, vise respekt og forståing for alle som er på skulen.
- Å syte for arbreidsro, gode arbeidstilhøve og god innsats.
- Å ta vare på og fare pent med skulen sin eigedom.
- Å erstatte det du øydelegg med vilje eller i aktløyse.
- Å la vere bruk av mobiltelefon i skuletida –inkludert friminutta.
- Å følgje reglane for bruk av internett.
- Å ha med bøker og det utstyr du treng til kvar dag.
- Å møte fram presis, og vere presis til timane.
- Å ferdast slik slik at du ikkje er til plage eller fare for andre på skulevegen eller på skulen.
- Å la vere å bruke rusmidlar og tobsakk i skuletida og i samband med elevarrangement og turar.
- Å ikkje bruke snop og brus i skuletida.
- Å be om løyve til å gå ærend utanfor skuleområdet.
Brot på reglane
vil kunne føre til:
- At dei tilsette kan gje deg tilsnakk.
- At heimen din kan bli varsla.
- At du kan bli pålagd å erstatte det du har øydelagt eller rota vekk.
- At du kan bli utvist frå klassa.
- At du kan bli utvist frå skulen.
- At dei tilsette dreg inn mobiltelefonen din.
- At du risikerer å få nedsett ordens- og/eller åtferdskarakterer.